Foredrag og omvisning

 

Omvising på Fosshaugane Campus

_MG_0889redGBLek.jpg
_MG_0889redGBLek.jpg

Omvising på Fosshaugane Campus

1,500.00

Bli betre kjent med Fosshaugane Campus og historia til Sogndal Fotball.


 

Add To Cart

Fosshaugane Campus er best kjent som heimearenaen til Sogndal Fotball, og blei offisielt opna 7. juli 2006.

Arenaen til «Verdas einaste tippeligabygd» har ei spennande historie og ulike utsmykkingar pryder bygget. Men Fosshaugane Campus er meir enn fotball. Dei siste åra har Fosshaugane Campus utvikla seg til å bli eit skapande og dynamisk miljø, der samhandling står i høgsetet. Fotballbana til Sogndal er omkransa av undervisnings og forskingslokal. Med sine over 700 tilsette og 4000 studentar og elevar framstår Fosshaugane Campus som ein stadig meir attraktivt miljø. Korleis er dette mogleg? Nøkkelen til suksess er samhandlinga mellom dei ulike aktørane på Fosshaugane Campus. Samspelet mellom intellektuell og sosial utvikling, mellom entreprenørskap og ungdommeleg pågangsmot, mellom det profesjonelle og det frivillige. Samlokalisering av idrett, forskning og undervisning har gitt inspirasjon til nye aktivitetar og nye bedrifter.

Bli betre kjent med Fosshaugane Campus og historia til Sogndal Fotball.

Pris: kr 150 per pers (minstepris kr 1 500) – ca. 60 min.

Ta kontakt med Rasmus Mo rm@sogndalfotball.no for bestilling. Omvisingen vert tilpassa dykka behov, og programmet kan utvidas om ynskjeleg.