Foredrag og omvisning

 

Bli motivert samen med Rasmus Mo!

rasmus.jpg
rasmus.jpg

Bli motivert samen med Rasmus Mo!

25,000.00

Foredraget «Dønn Ærleg» handlar om stoltheit, eigarskap og ansvar. Korleis tek me ansvar for eigen trivsel gjennom å byggja stoltheit og ta eigarskap til suksessar?

Add To Cart

Foredraget «Dønn Ærleg» handlar om stoltheit, eigarskap og ansvar. Korleis tek me ansvar for eigen trivsel gjennom å byggja stoltheit og ta eigarskap til suksessar?

Rasmus Mo er kjent som ein solid foredragsholdar med humor og snert. Rasmus har vore ein del av fotballfamilien Sogndal sidan 2007, og er no omdømmeleiar, mentor og motivator i Sogndal Fotball. Rasmus er eigentleg utdanna innan luftfart, og har brei erfaring frå operativt arbeid og leiing. Han kan ekstremt lite om fotball, men har gode referansar på individets moglegheiter for mestring. Hans slagord er: «Ta eigarskap til eigen suksess utifrå eigne føresetnader» og «Bygg suksess der DU er». På vegne av klubben mottok han Årets Målpris i 2011, og vart kåra til Årets Eldsjel i 2012. Han er ein mykje nytta foredragshaldar og konferansier i inn og utland. Rasmus har talegåver utover det normale og nyttar mykje humor og sjølvironi for å motivera sine tilhøyrarar. For Rasmus handlar det om å være «dønn ærleg» i alt ein føretek seg.

Pris: kr 25 000 – 60 min.

Ta kontakt med Rasmus Mo rm@sogndalfotball.no for bestilling. Fordraget vert tilpassa dykka behov og kan utvidas om ynskjeleg.