EVENT & ARRANGEMENT

Velkommen til våre arrangement for samarbeidspartnarar

 
Back to All Events

Sponsortur 2016


VELKOMEN TIL SPONSORTUR 2016
25. - 27. AUGUST 2016

UNDER STORE SEGL TIL HISTORISK GRUNN,

MED HORISONT I BLIKKET TIL SOLA RENN,

MAT OG DRIKKE FRÅ NÆRE BAND.

DU SKAL FÅ PRØVA OPPGÅVER DU ALDRI HAR TEKE DEL I

FOR AT ALLE SKAL KOMA TIL MÅLET.


VELKOMEN TIL SPONSORTUR

(Gjeld partnarar med avtale på over 100 000kr.)

Me har i år valgt å legge turen innom eigne grenser.
Landet og regionen vår byr på fantastisk landskap, kultur og aktivitetar, og me har lagt ned mykje tid og krefter i å sy saman ei heilt spesiell pakke til dokke.
 Me kan love unike opplevingar, utfordringar, gode samtalar, fagleg program og glede.
Vårt mål er at alle skal kome heim full av energi og inspirasjon!

TORSDAG 25. AUGUST
Me reiser frå Sogndal skyssstasjon torsdag 25.08 kl.08:00
Det vil bli servert ein lett frukostsnack og duggfrisk jus frå Lerum.

Bussturen tek dykk til ein seilas de sjølve skal vere med på å drifte.
Antrekk: sporty

Me kjem til vår endelege destinasjon kl 18:00, kor vi avsluttar kvelden med ein festmiddag.
Antrekk: Avslappa pent

FREDAG 26. AUGUST
Fredag vil me ha fokus på fagleg utvikling, inspirasjon og samhandling. Me vil kome attende med program og informasjon om føredragshaldarar, men det blir sjølvsagt informasjon frå A-laget og utviklingsfokuset dei har.

På kvelden skal de få vere med på ein middag og oppleving som er noko heilt utan om det vanlege. Me skal utforske vår historie, trimme lattermusklane, og få servert mat og drikke frå lokale produsentar.
Antrekk: sporty
 
LAURDAG 27. AUGUST
Avreise lørdag morgon, med ankomst til Sogndal ca. kl.13:00.
 
Påmeldinggsfrist: 08. august
Pris: kr. 6500.- 

Dersom de har spørsmål kring turen kan de kontakte Stine Lilloe-Olsen, stine@sogndalfotball.no eller Rasmus Mo, rm@sogndalfotball.no.

Me håpar at de finn programmet fristande og ynskjer å delta på sponsorturen.
Me gler oss iallafall veldig!
Stao no pao!

NB: Turen er for våre største partnarar og dei som har dette spesifisert i samarbeidsavtala med Sogndal Fotball.

Earlier Event: June 24
Treningskamp: Sogndal - Brann
Later Event: August 28
Sogndal - Stabæk