EVENT & ARRANGEMENT

Velkommen til våre arrangement for samarbeidspartnarar

 
Back to All Events

Sogndal - Vålerenga

Velkomen til Julebord og årets siste Eliteseriekamp

Julebord og kamp flyer1920x1080 (1).jpg

Sogndal Fotball lager til julestemning og show på VIPen til årets siste heimekamp. 
Denne dagen blir det underhalding for ein kvar smak!

Ettermiddagen startar med live musikk og sceneshow med "Trude Drevland" aka.
Rasmus Mo og "Jo Tunheim" aka. Jan Rune Årøy.
Sceneshowet startar opp kl. 15:30 i vårt VIP-område
i 1. etg i Innovasjonsbygget.

Oppmøte er ved Sognekraftinngangen ved port 2.
Der vil de vil bli møtt av vår vert, som gjev dykk billettar og VIP-band.

Julebordserveringa startar kl. 16:30 og blir levert frå Joars Cartering.
Det er mogleg å kjøpe alkohol i baren i VIP-området.

I pause mellom Sogndal og Vålerenga blir det trekning av julegåver og julequiz.

Velkomen

PROGRAM
Kl. 15:30    VIP-området opnar med velkomstdrikk
Kl. 15:30    Live musikk og scene show med "Trude Drevland"/Rasmus Mo og "Jo Tunheim"/Jan Rune Årøy. Musikk: Bjørn Tore Årøy og Inge Ronny Kvåle
Kl. 16:30Julebordservering frå Joars Cartering opnar. 
Kl. 17:20    Informasjon frå Sport
Kl. 18:00    Kampstart
Kl. 18:45    Pause med trekning av julegåver og julequiz. Servering av varmt og søtt
Kl. 19:00    2. omgang


BESTILLING

Ved å klikke på linken under kan du enkelt legge inn dine VIP reservasjonar.

Bestill dine VIP-billettar her.

Bestilling seinast 4 dagar før kamptidspunkt

 

Earlier Event: November 8
SALSKURS med Richard Jacobsen
Later Event: April 8
Sogndal - Tromsdalen