EVENT & ARRANGEMENT

Velkommen til våre arrangement for samarbeidspartnarar

 
Back to All Events

Næringslivsseminar: Miljø og berekraft

Campus ND_storskjerm_2.jpg

Visjonen om ein grøn framtid

Mijø og berekraft - store utfordringar og mange moglegheiter

I samarbeid med Norengros K.J. Brusdal og Gosh PGP inviterer Sogndal Fotball til næringslivsseminar på Sogndal Campus.


Me kjem til å møte store utfordringar i åra som kjem. Klimaendringane blir meir merkbare og alvorlege, befolkningsveksten blir kraftig. Summen gjer at presset på naturen og ressursane auker. Den store utfordringa er dagens økonomiske modell som medførar stor ressursbruk og miljøøydeleggingar.

I løpet av dei nærmaste tiår må me finne nye modellar som kombinerer målet om gode liv med reduserte miljøøydeleggingar og mindre ressursbruk. Me må altså skape meir med mindre – og utan utslepp av CO2

Med andre ord trengs nye løysningar, ofte kalt det grønne skiftet.

Myndigheiter, bedrifter og privatpersonar må alle gjere tiltak – og me må sette opp farten!

Jo raskare ein kjem i gang, jo betre er ein tilpassa krav og forventningar som kjem i framtida.

Når mange tek grep, vil summen bli betydeleg. Involvering av alle tilsette og partssamarbeid lokalt og sentralt, gir gode moglegheiter for å gå frå ein passiv haldning styrt av lover og regler, til ein strategisk posisjon med tydeleg miljøprofil.

Møt nokre bedrifter som har starta på dette arbeidet, og som har fått bærekraft inn som en del av bedrifta si overordna strategi.


Me håpar at de finn programmet fristande og ynskjer å delta.

PRIS: 400kr pr. pers | Samarbeidsbedrifter 250 kr pr. pers |
Leigetakarar på Fosshaugane Campus 250 kr pr. pers | Studentar 250 kr pr. pers.

Deltakaravgift går til lunsj og leige av lokale.



Med arrangørar:

No+GO.png

Sjur Røthe

Skilandslaget

Sjur Røthe er ein norsk langrennslaupar som representerer Voss Idrottslag. Sjur har i ei årrekkje vore i verdseIiten i langrenn og har fleire verdscupsigre og VM-medaljar. I 2019 vart han Verdsmeister på 30 km skiathlon under Ski-VM i Seefeld i Østerrike.

På næringslivsseminaret vil Sjur fortelje si historie om vegen til VM-gull. Han har allereie oppfylt fleire gutedraumar, men vegen dit har vore kronglete. Korleis stille tøffe krav til seg sjølv og dei rundt seg på ein god måte? Kva påverknad har laget og miljøet hatt for Sjur si utvikling?

Å skape eit godt mestringsklima er aktuelt for fleire arbeidsmiljø, og her kan det vere mykje å lære av idretten.


Ruth Brusdal

Norengros K.J. Brusdal

Ruth Brusdal er dagleg leiar i Norengros K.J. Brusdal og har sett grøne verdiar på agendaen til bedriften.

– Å sette berekraft i fokus, er vår tids største forretningsmoglegheit.

Leverandøren Norengros K.J. Brusdal vil gå foran og vise at også grossister av forbruksvarer kan bli klimanøytrale – og bruke det som eit konkurransefortrinn.

Norengros K.J. Brusdal har satt seg som mål å bli klimanøytrale innan 2019, og har plukka ut tre av FNs berekraftsmål som rammeverk for vidare forretningsutvikling.


Ragnhild Janbu Fresvik

Sparebanken Vest

Ragnhild Janbu Fresvik leier bedriftsmarknaden i SPV og har ansvar for bankens over 10.000 små og mellomstore bedriftskunder. Ho trur genuint på at finans er ein viktig del av løysninga for å få fart på det grøne skiftet!

Ein av dei viktigaste verdiane i Sparebanken Vest er samfunnsengasjement- korleis jobber dei konkret for å påverke for ein grøn og meir berekraftig framtid?

Og korleis kan banken sine utlån til bedrifter bidra til at grøne investeringar får kapital og konkurransekraft?

Å lukkast med det grøne skiftet inneber å tidsnok sette tydeleg retning og mål- samtidig som ein kanskje ikkje veit eller har tid å vente på alle svara på korleis ein kjem dit.

Korleis handtere desse dilemmaene som leiar?


Trude Jacobsen

Dråpen i havet

Trude Jacobsen er 5-barnsmora som på seinsommaren 2015 tok tre dagar fri frå draumejobben i Telenor, og reiste til den greske øya Lesvos for å få ei forståing av flyktningstraumen som då kom til Europa. Desse dagane endra livet hennar totalt og førte til at ho umiddelbart starta hjelpeorganisasjonen Dråpen i Havet. Jobben i Telenor gjekk ho ikkje tilbake til.

På næringslivsseminaret til Trude fortelje om sine erfaringar kring møte med flyktningstraumen og utfordringane ein står ovanfor. .


Carlo Aall

Vestlandsforskning

Carlo er utdanna naturforvaltar, og har tatt doktorgrad ved Universitetet i Aalborg i 2002. Han har arbeidd som forskar med temaet berekraftig utvikling i ulike samanheng ved Vestlandsforsking sidan 1990.

I 2012 vart Carlo tilkjent professorkompetanse i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet, og har sidan 2016 vore tilsett i bistilling som professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet.

Frå 1 januar 2019 er han leiar for det nyopprette Norsk Senter for Berekraftig Klimatilpasning ved Vestlandsforsking.


Program

11:30 Lunsj i Høgskulekantina.

12:30 Sogndal Fotball ynskjer velkomen.

12:35 Miljø og bærekraft - kva er status?
- Carlo Aall, Vestlandsforsking.

12:45 Å sette bærekraft i fokus, er vår tids største forretningsmoglegheit
- Ruth Brusdal, Norengros K.J. Brusdal.

13:05 Eit sportsleg eventyr - kvar går vegen vidare?
- Eit føredrag av Sjur Røthe, Skilandslaget og Voss Idrottslag

13:50 Minglepause 20 min.

14.10 Korleis ta ein posisjon og vere i forkant
- Eit føredrag av Ragnhild Fresvik, Sparebanken Vest. 

14.30 Tre dager på Lesvos - Mer enn en Dråpe i Havet
- Eit føredrag av Trude Jackobsen, Dråpen i Havet

15.00 Minglepause 15 min.

15.15 Paneldebatt og spørsmål frå salen

16:00 Slutt.



Earlier Event: May 11
Sogndal - KFUM
Later Event: June 6
Sommaravslutning