EVENT & ARRANGEMENT

Velkommen til våre arrangement for samarbeidspartnarar

 
Back to All Events

Næringslivsseminar

Marknadsføring og kommunikasjon i endring.


Næringslivsseminar 30. November

Sogndal Fotball har i samarbeid med Gasta design & kommunikasjon og Sognefjorden næringshage gleda av å invitere inn til næringslivsseminar på Fosshaugane Campus!


Program

11.30 Lunsj i Høgskulekantina
12.30 Sogndal Fotball ynskjer velkomen

12.45 Kommunikasjon i eit nytt medielandskap.
Mette Bugge, journalist i Aftenposten.

Mette Bugge er ei av veteranane i Aftenposten og kan skilte med nesten førti års erfaring frå hovudstadspressa. Bugge toppar listene blant mediesaker som når ut – både på nett og papir. På Næringslivsdagen skal ho fortelje korleis. Er det teft eller metode?

Minglepause 30 min

14.15 Korleis vidareutvikle merkevara "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Arve Uglum, NRK.


Han fekk jobben med å føre arven frå Oddgeir Bruaset vidare, det enda i nominasjon til Gullruten. Høyr (og sjå) Arve sine tankar rundt det å vidareutvikle ei slik kjend merkevare.

14.45 Merkevarebygging i ein digital tidsalder. Bortkasta tid og pengar?.
Vidar Bondevik, Gasta design & kommunikasjon as.


Marknadsføring og kommunikasjon er i dramatisk endring. Korleis handterar suksessbedriftene den nye kvardagen og gjer sosiale medium at merkevarebygging er uinteressant? Vidar er dagleg leiar i Gasta og har levd i over 20 år med stadige endringar i reklamebransjen og gir praktiske eksempel og tips frå suksessbedrifter.

15.30 15 kulturarrangement i året for den mest kjende merkevara i fylket.
Marknadssjef Stine Lilloe-Olsen, Sogndal Fotball.


Korleis utnyttar Sogndal Fotball dei ulike kanalane og kva tankar og arbeid ligg bak eit kamparrangement?

16.00 Slutt


Stad: Høgskulekantina (Presentasjonar HiSF auditorium)

Pris:
250 kr for sponsorar av Sogndal Fotball og leigetakarar på Fosshaugane Campus.
750 kr for Ordinære deltakarar.


Om føredragshaldarane

denne.png

Mette Bugge

Mette er journalisten og superveteranen i Aftenposten som har fått eit nytt liv som digital distributør. Med over 4.000 følgjarar på Facebook og 3.000 på Twitter har ho mange praktisk råd og tips om å skape og distribuere den gode historia i digitale medium. Ein usedvanleg engasjert føredragshaldar du ikkje bør gå glipp av. 

Arve Uglum

Arve er sogndølen som overtok den populære TV-serien "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Tidlegare har han produsert NRK-serien "Fjellfolk", og er ein programleiar, videojournalist og reporter som har klare meiningar og god erfaring med digitale medium. Har også dekka og kommentert Sogndal fotball i ei årrekke.


vidar.png

Vidar Bondevik

Vidar var tidlegare marknadssjef i Lerum og starta Gasta for 18 år sidan. I desse åra han levd med stadige og raske endringar i måten vi kommuniserar og sel varer og tenester på. Samarbeider med mange av dei sterkaste lokale merkevarene våre, og er oppteken av kommunikasjon, teknologi og "alt som er nytt".  
 

Stine Lilloe-Olsen

Stine er fotballbudeia som lot seg lokke til Sogndal og til fotballfamilien vår. Som marknadssjef står ho i brodden for å ta i bruk nye kommunikasjonskanalar og nye verktøy i ein organisasjon der folk kanskje er meir opptekne av 4-5-1. Stine er utdanna industridesignar og har også vore dagleg leiar i Nordwest 3D.


Earlier Event: November 4
Sponsorfrukost
Later Event: February 14
Næringslivsseminar