To unge menn

Eirik Bakke. Terje Skjeldestad. To namn. To identitetar. To historiar. No styrer dei skuta og Sogndal Fotball sitt viktigaste produkt. Å vera profet i eige land er kanskje ei av dei vanskelegaste oppgåvene ein kan ta på seg. Difor er det ei røff reise dei har gitt seg ut på .Det handlar om trepoengarar, fyrste-11arar, spelarlogistikk,  korte og langsiktige planar, angrep og forsvar, forventninger, lovnader, prestasjonar og maaoool.

Då Eirik vart henta til Leeds starta ei sportsleg reise ingen annan frå klubben hadde gjennomført tidlegare. Eirik vart klubbens Columbus, ut i det ukjente. Stjernestatus, Europacup og bæreting med dei store. Synergien av salet av Eirik er ein del av bærekrafta vår i dag.

Terje tok eit anna val, han vart i bygda.Lojalitet til klubben i hans hjarte har gjort han til ein av dei mestspelande aktørane til Sogndal. Etter sin aktive karriere, tok han over keepertrenargjerninga. Gjennom sin erfaringsoverføring har han levert målvakter til norsk toppfotball i fleng. Difor er han og i landslagsteamet.

Og no sit dei altso på trenarbenken og styrer prestasjonane til fyrstelaget vårt. Fylkets si fremste merkevare. Forventningane er store og mange. Her er det ikkje høve til kvileskjær. Å måla suksess i nuet i fotball handlar om å telja mål og poeng. Ein har tre obsjonar i poengtildeling: 0,1 og 3. Det handlar om å lukkast.....eller ei. So enkelt men akk so vanskeleg.

Sesongen har starta godt. Det var ogso planen. Mange trudde det ville verta vanskeleg for Sogndal etter at Ian McParland reiste attende til kiltlandet. Men Eirik hadde is i magen og Terje tok utfordringa. Dei ville begge to. Dei har vist at det nyttar å tora. Dei har vist at valget av dei var heilt rett. Dei har vist at det nyttar.

Sogndal har vore og er ein klubb som har vist styrke i å vidareutvikla spelarar. Dette har klubben kunna gjort av di moderklubbane har gjort godt talentarbeid. Mange av desse spelarane har endt opp i andre og større klubbar og ligaer. Tor Andre Flo, Jostein Flo, Håvard Flo, Mads Solheim, Eirik Bakke, Even Hovland...................

Eirik og Terje er klar på at dei unge talenta skal nyttast i spel. Dei skal få sine sjansar om dei er villige til å blø for drakta. Difor er det rett, rettare, rettast at desse to unge kompetanse- og viljesterke karane styrer laget. Heia Eirik og Terje. 2015 kan verta eit veldig godt år for fotballen i Saftbygda og fylket. Mange klubbar har eigarskap til prestasjonane. Heia ALLE saman.