For evig og alltid

Som 1959-modell har eg opplevd store endringar i samfunnet. Det har vore mange og dei har vore omfattande. Post i butikk? Kven såg den koma, når me stod med lua i handa når Postmeistaren gjekk forbi. Kven snakka om skulestruktur når eg vaks opp? Kven ytra seg om å leggja ned sjukehus? Stat og kyrkje hand i hand.

Endringsvilje er sunt. Konsekvensar av endringane er relative. Kven vert spurt og kven stiller spørsmåla? Kva spørsmål vert stilt? 

Eg vil nytte bloggen min til å snakka om vilje. Vilje til å prestera, delta og utvikla. Eg ynskjer å vera positiv i tilnærminga. Tilnærma meg moglegheitene med positive energiar. Eg vil vera ein av desse forbanna framsnakkarane. Eg går inn på laget til dei "naive" optimistane. Eg vil spela framme, i angrep. Eg er klar til kamp.

Etter at vart invitert inn til å vera ein av driftarane i klubben Sogndal, har eg kvar dag kjendt på  lukkefølelsen. Kvifor? Me er ikkje Barcelona, Real Madrid eller det forente Manchester. Me har ikkje faste leveransar av festfotball. Me har hatt tapsrekkjer so lange som halve sesongar. Me har spelt 0-1 kampar i bøtter og spann. Me har tapt 0-9 på eige gras. Men,  me alltid kome att. År etter år. Sesong etter sesong.  

Det går godt an å skapa suksess i ei bygd med eit sentrum med populasjon på knappe 8000. Suksess handlar alltid om eigarskap til eigne ferdigheiter.  Ingen vil få meg til å sei at bygda, regionen og Sogn og Fjordane ikkje har føresetnader. Eg har etablert meg her av di eg veit at me kan. Eg møter kvar dag menneske som VIL og som faktisk får det til. Den siste tida har eg vore på to store leiarsamlingar.Leiarar frå Sogn og Fjordane. Leiarar frå verkemder med sterke identitetar, gode produkt og ektremt mykje vilje. Fellesnemnaren er at dei får det til

Eg vart opplært til å nytta smilet som den viktigaste inkluderingsmekanismen. Du får det du gir, sa mi fantastiske mor. Når du smiler inviterar du og skapar positive relasjonar. Eg er overtydd om at det å vera positivt instilt ogso gir deg større føresetnad til å møta motgang. Er ein positivt innstilt vert ein lettare høyrt. Når ein vert høyrt får ein lettare innflytelse. So ikkje tru på dei som seier at smilet fordummar. Du vert sett. Hurra.

Motkreftene til sentraliseringa er i ferd med å samla seg i fjordfylket. Det tykkjer eg er veldig bra. Me må ha fokus på det me kan, snarare enn det me ikkje kan. Me skal vera gode på å unna kvarandre suksess. Hugs at dersom naboen har suksess, er du ekstremt nær suksessen sjølv. Å vera kvarandres ambassadørar, gjev truverde. Å snakka godt om folk er ekstremt godt. Det gjer noko med heile deg. Og ein synergi; Den du omtalar i gode ordelag gjer det same med deg. Enkelt.

Stao Pao, gjer so godt du kan. Å vera god nok i nuet, handlar om å akseptera sin noverande ståstad. Då er ein ogso i stand til å vita kvar ein skal og staka ut kursen for ferda vidare.