Det me gjer mogleg

Det er veldig lenge sidan Sogndal Fotball spelte cupfinale mot Brann. Faktisk er det snart 40 år sidan. Som sogningar flest var eg passasjer i ein av dei mange bussane som sette kursen over fjellet til landskamparenaen. Ein busstur med heilt andre reglar enn dagens bussreiser. Me sat bak og røykte Blå Veteran....utan sikkerheitsbelte. Me køyrde non-stop til Oslo. Sjåføren skulle attende til Sogndal og hente eit lass til med svart- og kvitkledde tilhengjarar. Same dagen.

Heile Oslo stod på hovudet og alle ynskte at Sogndal skulle vinna kampen mot Brann. Eit Brannlag som var eit av landets beste. Me var berre eit skarve lag frå nivå tre. Eg fekk gratis drosjetur til slekta. Grunnen var at sjåføren frå Oppsal tykte det var so fasinerande å høyre ein sogning snakke. 

Me møtte opp på Ullevoll og vart vitne til eit raudkledt publikum som til og med hadde supportersangar og store flagg. Draktene våre hadde knapt reklame. Me spelte på ei grasmatte som likna meir på eit nystrødd fjøsgolv. Sagflis. Men me beit ifrå oss. Det vart nesten. Me tapte kampen men vann alles hjarter........skreiv avisene. Dei STORE avisene. Då måtte det vera sant.

Det har gått 39 år.....Sogndal og Brann spelar i same divisjon. Noko me har gjort ofte sidan tidleg på 80-talet. For Sogndal har det handla om å gjera ting utifrå eigne føresetnader. Difor har det vore kontinuitet i leveransane. Fire tiår i norsk toppfotball. I 2016 feirar me 90-årsdag i klubben og markerar at det er 40 år sidan me fyrste gong spelte ein heil kamp på tv, på sjølvaste statskanalen NRK. Grunnlaget vart lagt. Det er i desse dagar 44 år sidan Svein Bakke skreiv sin fyrste proffkontrakt med trenar Sviggum, på ein serviett; "Eg lovar å trena to gonger pr. dag". Me leikte ikkje fotball lenger.

Sogndal Fotball er og merkevarebygging. Alle merkevarer treng eit godt og forutsigbart omdømme. Det handlar om totalen av det me leverar.....kvar dag og heile året. Då må ein ha gode forankra styringsverktøy. Visjon og verdigrunnlag. Klubben skal skapa ein arena for utvikling av unge fotballspelarar. Då handlar det om Fosshaugane Campus. Anlegg og kompetanse.

Etter 2-1 tapet mot Brann i 1976; klubben vår vart inga døgnfluge.