Laugspratnarar

Osland Havbruk

Kvifor me er med:

Laks er viktig for Norge, laks er viktig for Sognefjorden, Sogndal Fotball er viktig for Sogn og Fjordane, det handlar om nettverksbygging og identitet. 

Om oss:

Osland Havbruk, ein smak av Sognefjorden, driv oppdrett av laks og aure i Høyanger Kommune. Lokalt eigd selskap med 30 tilsette som er stolt av å drive med matproduksjon i Sogn og Fjordane. Viste du at vi produserer 7000 måltid kvar dag ?

Nettbuss

Kvifor me e med:

Nettbuss ynskjer å vere med å skape ei positiv samfunnsutvikling saman med andre lokale aktørar. Gjennom Sogndal Fotball er vi med på å bygge identitet og relasjonar til samarbeidspartnarar, kundar og eigne tilsette. Samarbeidet med Sogndal Fotball er ein viktig del av vår merkevarebygging.

Om oss:

Nettbuss er eit av dei største busselskapa i Norden, med aktivtet i Noreg og Sverige. Vi fraktar ca 113 milionar passasjerar i året, og omset for 6 milliardar, har 3300 bussar og 7400 medarbeidarar. Nettbuss er eit heileigd dotterselskap i NSB-konsernet.   

Visjon
Nettbuss skal vere det leiande og mest nyskapande busselskapet i Norden

Formål
Tilby sikker og attraktiv persontrafikk med buss. Vi skal køyre folk til skule og utdanning, til jobben, på besøk, til avtalar, på ferie, til fritidsaktivitetar … og heim igjen!

Merkevare
Vår merkevare er eit løfte, ei oppleving og eit minne. Vi skal fylgje opp det vi lovar, levere som forventa i alle ledd og gje kundane ei positiv oppleving som gir lyst til å reise med oss igjen og igjen. 

COOP NORDVEST SA

coop-logo-nordvest.png

Kvifor me er med:

Vi er med fordi vi ser kor viktig det er å bygge gode lag, som mange kan identifisere seg med, skape samhald og på ulike måtar skape verdiar som samfunnet kan vekse på.

Sogndal har gjennom åra bygt eit fotballag som heile fylket stiller seg bak og identifiserer seg med. At det i periodar har vore landets einaste bygdelag i eliteserien, er noko som gjer oss alle stolte. Det er også ein inspirasjon for unge som vil satse på idrett.

Om Oss:

Vårt lag, Coop Nordvest, har ca. 144.000 medlemer frå Sogn til Trøndelag, der vi driv 138 butikkar med 2300 tilsette. Vårt mål er å drive gode butikkar, med topp sørvis og dei beste prisane.

Vi vil også vere ein viktig samfunnsaktør som både tek vare på den vesle, viktige butikken i bygda, og som er med på å utvikle ditt regionsenter.

I tillegg satsar vi på fantastisk lokalmat, som har skapt hundrevis av arbeidsplassar i distrikta.

Vi vil ha deg med på laget vårt. Då får du eige butikken din sjølv!

Vil du bli med på laget, kan du gå inn på Coop.no, eller sende ei melding til 2330.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kvifor me er med:

HiSF i Sogndal held til på Fosshaugane Campus og utgjer ein vesentleg del av verksemda på campus. Idrett, oppvekst og helse er sentrale utdannings- og forskingsområde, og vi ynskjer å vera ein synleg del av campus og dei profilerte aktivitetane til Sogndal Fotball. 

Om oss:

HiSF er den einaste høgre utdanningsinstitusjonen i Sogn og Fjordane. HiSF har nær 4000 studentar og campus i Sogndal og Førde. Høgskulen tilbyr 22 bachelorprogram og fem masterprogram i tillegg til ei rekkje kortare vidareutdanningstilbod. Høgskulen er blant dei aller beste i Norge når det gjeld studentgjennomføring og studenttilfredsheit. Tett kontakt med studentane, god oppfølging og høg kvalitet i utdanningstilboda er dei sentrale kjenneteikna ved høgskulen. HiSF rekrutterer breitt geografisk og hentar kring 2/3 av studentane utanfor Sogn og Fjordane. HiSF er også ei betydeleg forskingsing- og formidlingsinstitusjon og har mellom anna store forskingsprosjekt knytt til idrett og helse.

XL Hundere

Kvifor me er med:

Sogndal Fotball er viktig for bygda vår. Dei skapar engasjemang og gjer oss stolte av å vere sogningar.

Om oss:

Byggsenteret Audun Hundere AS vart etablert i 1963. Vi er ein del av XL-Bygg, Skandinavias største byggevarekjede. Har vore støttespalar for Sogndal IL/Sogndal Fotball i alle år sidan 1973. Vi har Sogndals største byggevarehus. Stort utval av alt innan trelast og byggevarer, jernvarer og verktøy. Vi har også fine utstillingar av interiørprodukt som kjøken, bad og garderobe. 

Målrock

Kvifor me er med:

Vi ynskjer å vere ein synleg aktør i Sogn som, saman med Sogndal Fotball, promoterer Sogn som region på ein positiv måte.

Om oss:

Målrock der Sognefjorden går på land, arrangerast 10-13. august 2016 og er den viktigaste festivalen i Sogn. Festivalen fremjer musikk på eige mål og dialekt og legg vekt på å syne fram Sogn som region. 

Malakoff

Kvifor me er med:

Sogndal Fotball og Malakoff er veldig like på veldig mange punkt når ein ser på visjon og tankar om korleis ein skal jobbe i kvardagen. Vi har mykje å lære av ein organisasjon som på imponerande måte, begrensa midlar og lokal profil klarar å holde seg på eit særs høgt nivå  på sitt området samtidig som ein har bygd ein organisasjon som er viktig for mykje anna enn berre fotball. Slike aktørar er det kjekt å samarbeide med!

Om oss:

Malakoff Rockfestival vert arrangert for 13 året på vesle Nordfjordeid 21-23. juli 2016. Festivalen som har vore utsolgt med over 20.000 besøkande dei siste 3 åra skal kvart år gje alle besøkande #denbestefestivalopplevinga i regionen/landsdelen. Malakoff skal begeistre og skape magiske opplevingar i eit inkluderande felleskap mellom publikum, artist og frivillig. Vi ynskjer å bidra til det gode liv på bygda. Rock on!!!

Gasta

Kvifor me e med:

Ei bygd. Eit lag. Ein draum. Vi vil vere med der.

Om oss:

Gasta er sju tilsette med design og kommunikasjon som lidenskap. Vi utvikler nettsider basert på Squarespace, kanskje det mest moderne publiseringsverktøyet. Som det einaste skandinaviske selskapet figurerer Gasta som «Specialist» hos Squarespace. Vi tilbyr også tenester innafor grafisk profil, content marketing, digital annonsering og søkemotoroptimalisering