Hovudsponsor

Frydenbø

Kvifor me er med:

Frydenbø Group engasjerer seg både i topp og breidde innanfor idrett, kultur og veldedige organisasjonar. Konsernet er allereie profilert sponsor for mellom anna Brann og Norges Skiforbund Alpin.

Sogndal fotball står i ei særstilling som sponsorobjekt i fylket. Koplinga mellom toppidrett, opplæring og næringsliv som ein har fått til i Sogndal er unik. Det at Frydenbø kan vere med å bidra til vidare utvikling av dette miljøet er viktig i seg sjølv. Samstundes som vi ser stor verdi i det å vere ein profilert samarbeidspartnar og deltakar i eit nettverk med dei forretningsmessige moglegheitene det gjev.

Det er imponerande det ein har greidd å skape på Campus Fosshaugane. Vi ser fram til å nytte Campus som møteplass, ein stad for nettverksbygging og som læringsarena. Samstundes har vi som mål å bringe engasjementet og aktiviteten rundt Sogndal fotball ut til våre øvrige avdelingar i fylket også.

Om oss:

Frydenbø driv fire bilforhandlarverksemder i Sogn og Fjordane og er autorisert merkeforhandlar for Volvo, Nissan og Opel. Du finn oss i Sogndal, på Sandane og ved to avdelingar i Førde. Vi er nokon og 70 kollegaer som ynskjer å hjelpe deg til å realisere bildraumen, og gje deg eit sytalaust bilhald.

Vi er ein del av Frydenbø Group AS, eit familieeigd konsern som består av tre divisjonar; Bil & Marine, Eiendom og Industri. Frydenbø-gruppa har 500 tilsette, og hadde ei samla omsetning i 2014 på NOK 1,8 mrd. Entusiasme har vore vår drivkraft i snart 100 år. Hovudkontoret er i Bergen. 

Avery Dennison NTP

-1.png

Kvifor me er med:

Som hjørnesteinsverksemd i Luster og blant dei største i Sogn ser me på Sogndal Fotball sitt sponsornettverk som viktig å vera ein del av. Skal regionen lukkast må alle krefter jobbe saman - både kultur, utdanning og næringsliv. Sogndal Fotball kan vera ein viktig fasilitator og motor for dette.

Om oss:

Avery Dennison NTP er Noregs største produsent av transfermerker og vår eigenutvikla teknologi er verdsleiande. Dette gjer at me har kundar over heile verda og vårt produkt, transfermerker, blir har brukarar i alle bransjar. Me er størst på merker til arbeidsklede, men veks fort både i Noreg og utlandet på sports- og profilklede. 
Me vinn i marknaden på grunn av at me har over 100 tilsette som sit på ein ekstrem kompetanse innanfor vår nisje - og denne kompetansen brukar me til å heile tida utvikle nye produkt og prosessar for dekke kundens behov.

SognAvis

Kvifor me er med: 

Me samarbeidar med Sogndal Fotball fordi me ynskjer å skapa synergiar som fører til at regionen Sogn fortsatt kan veksa.

Om oss:

Sogn Avis er lokalavisa for sogningar. Som tingar får du papiravisa i posten fem dagar i veka, digital utgåve av papiravisa og tilgang på alt innhald i www.sognavis.no heile døgnet. Du er også med på å sikra at Sogn kan ha eit fritt og uavhengig talerøyr. Alle me 35 som jobbar i Sogn Avis gjer kvar dag vårt beste for å gje deg stoff som er relevant, interessant, engasjerande og underholdande. Me tek også opp dei vanskelege og kontroversielle sakene. 
Sogn Avis har kvar dag 28.000 daglege lesarar på papir, 12.000 på desktop og 7.000 på mobil. Marknadsfører du ditt firma via våre plattformer, når du fram til 78% av alle sogningar. Vårt nøkkelord er: TRUVERDIG. 

 

Holen Instalasjon

Kvifor me er med:

Sogndal fotball er fylket si største merkevare. Dette er skapt gjennom lokal forankring og langsiktig arbeid. Holen Installasjon AS  deler desse verdiane og ynskjer å vise at me støttar Sogndal Fotball sitt arbeid.

I sponsornettverket finn me fleire verksemder med same interesser. Dette er alle verksemder som har stor betydning for lokalsamfunnet. Holen Installasjon  ynskjer å vere med på dette laget. Me vil gjerne bidra til å og utvikle vår eigen region. Miljøet rundt Sogndal Fotball, og det som elles skjer på  Fosshaugane Campus, spelar ei viktig rolle i dette arbeidet.

Vårt samarbeid med Sogndal fotball går mange tiår attende. Me vonar det vil halde fram i mange år framover.

Om oss:

Holen Installasjon er den leiande elektroentreprenørverksemda i indre Sogn. Me har over 50 tilsette som kvar dag jobbar for å hjelpe våre mange privat- og næringskundar. Me leverer alt frå tradisjonelle elektroinstallasjonar til meir avanserte anlegg som t.d. smarthus, energistyring, ekom og IKT. Holen Installasjon AS har hovudkontor i Sogndal. I tillegg har me serviceleiarar og lokale, dyktige montørar som tek seg av kundar i Gaupne, Leikanger og Vik i Sogn. Me har lange tradisjonar for høg kvalitet og er rett og slett rasande flinke med straum og slikt!

Toyota Sogn

Kvifor me er med:

Sogndal Fotball bidreg til samspel og identitet, og er ei sterk merkevare for heile regionen. Gjennom Sogndal Fotball får ein eit nettverk med andre bedrifter som òg ynskjer å utvikle regionen. Fotballen engasjerer, og det er imponerande at Sogndal over så lang tid er markante i norsk toppfotball.

Om oss:

Me er autorisert Toyota-forhandlar i Sogn, og har vore medspelar sidan 1982. Som autorisert Toyota-forhandlar driv me med alt innanfor bil. Me har også agentur for Hertz Bilutleige i Sogn og Sunnfjord, og samarbeidar tett med Bilhuset Førde som sel Mercedes for heile fylket.

NorEngros K.J. Brusdal AS

Kvifor er me med?

Det er ei stor glede for Norengros K.J Brusdal å vere ein del av Sogndal Fotball, med sin nasjonale profil og unike posisjon som trivselsfylkets stoltheit. Støtte til lokale idrettslag har alltid vore ein viktig del av vår verksemd. Vår offensive satsing på Sunnfjord og Sogn byggjast rundt samarbeidet med Sogndal Fotball, og vi ser fram til å vere med på oppturar og minnerike augneblikk på Fosshaugane Campus.

Om oss?

Norengros K.J Brusdal er totalleverandør av forbruksvarer til næringslivet. Produktspekteret vårt dekker det meste du treng i kvardagen- om du driv kontor-, produksjon- eller serviceverksemd. I butikkane våre er både bedrifter og privatpersonar hjarteleg velkomne til å handle. Vi har stort utval av varer innanfor områda storhushaldning, kontormøblar og interiør, emballasje, kontor- og datarekvisita, så vel som forbruksvarer til lege- og tannlegekontor, sjukehus og institusjonar.

Norengros K.J. Brusdal er ei lokaleigd verksemd tilknytta ei landsdekkande kjede av grossistar. Vi har 90 tilsette og omsette for 280 millionar i 2018. Bedrifta har hovudkontor og lager på 10.500 m2 i Arna i Bergen. Her blir det dagleg køyrd ut varer til alle våre kundar i distriktet. Vi har i tillegg butikkar i Arna, på Sotra og på Stord. I første kvartal av 2018 opna vår første butikk i Sogn og Fjordane, på Øyrane i Førde. For meir informasjon om oss sjå vår heimeside www.kjbrusdal.no