Veidekke

Kvifor me e med:

Veidekke ønsker å vere Sogndal Fotball sitt sponsornettverk for fortsatt å kunne bidra til å utvikle Fosshaugane Campus.

OM OSS:

Veidekke er ein av Skandinavias største entreprenører og eigedomsutviklare. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikehald veger og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteiknar verksemda. Halvparten av dei 7000 medarbeidarane eiger aksjar i selskapet. Omsetninga er 24,5 milliardar (2015). Involvering og lokalkunnskap kjenneteiknar verksemda. God lokal marknadskunnskap og evne til å dra vekslar på konsernets samla ressursar og kompetanse gjer oss i stand til å finne dei beste løysningane for alle involverte partar. Resultatet er effektiv drift og auka verdiskaping. 

Distrikt Sogn og Fjordane har hovudkontor i Sogndal og avdelingskontor på Sandane og i Volda. Me har bygga fleire store og prestisjetunge prosjekt, blant anna Trivselshagen på Sandane, Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Fosnavåg hotell- og konserthus, Bremuseet i Fjærland, Campus Fosshaugane, Sognahallen, Utsiktspunkt Stegasteinen, Kjøsnesfjorden kraftverk, Sogningen Storsenter og Amfi i Stryn. Vi har ein årleg omsetning på ca. 300 mill. kroner og ca. 80 tilsette funksjonærar og fagarbeidarar. Avdeling Sandane innehelder også ein ferdigbetongfabrikk. Distriktet leias av distriktsleiar Rune Karlsen. Avdelingsleiar for Sogndal er Svein Even Dale, Sandane Kristian Martin Kleppe og Volda Rune Eikrem.