Sognekraft

Kvifor me er med:

Sognekraft er med på å gje kraft til lokalsamfunnet både i form av arbeidsplassar, energiforsyning, sponsing og nyskapingsevne. Sognekraft støttar difor gode tiltak innan kultur og idrett, med vekt på breiddetiltak retta mot barn og unge. I vårt geografiske område vert dette mellom anna synleggjort med Sognekraft-logoen på draktryggen til nær alle miniputtar og aldersfastlagde lag. Vi er og ein stor støttespelar innan andre kulturfelt, og ynskjer vere med og skape grobotn for sunne interesser og aktivitetar. Slik bidreg vi til å setje krefter i sving, til beste for einskildindivid og lokalsamfunn.

Sogndal Fotball har gått i bresjen for ei utbygging som samlar idrett, forsking og utdanning på Fosshaugane Campus. Dette arbeidet er ei drivkraft i utviklinga av lokalsamfunn, skule og næringsliv i Sogn. Sognekraft støttar dette arbeidet og Sogndal Fotball er difor Sognekraft sin største enkeltsponsoravtale.

Om oss:

Sognekraft AS - ei drivkraft i Sogn! 

Sognekraft har sidan 1947 hatt ei sentral rolle i utviklinga av Sogneregionen. Selskapet sine kjerneområde er produksjon, distribusjon og sal av elektrisk kraft. Fiber til breiband, ny kraftproduksjon og sal av varmepumper er og viktige områder. Selskapet støtter og i stor grad opp om lokale frivillige lag og organisasjonar som sponsor og støttespelar.

Rein energi frå natur og menneske gjennom nær 70 år i Sogn. Slik gjev vi vårt bidrag til ei berekraftig framtid lokalt og globalt!

Sognekraft -set krefter i sving!