Sognenett AS

sognenett.png

Kvifor me e med:

Sognenett ynskjer å bidra til lokal verdiskapning og utvikling i Sogn. Ved å samle idrett, forskning og utdanning på Fosshaugane Campus, samt kople dette med næringslivet, skapar Sogndal Fotball noko unikt og viktig i vår region som me ynskjer å vere med på.

Om oss:

Sognenett AS er eit lokalt forankra breibandsselskap som er størst på fiber i Sogn med kommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland som vårt dekningsområde. I dei områda kor me endå ikkje har fått levert fiber tilbyr me internett via xDSL eller radioteknologi. Som ein lokal tilbydar set me stor pris på våre kundar og me jobbar til ein kvar tid for å vere eit fyrsteval med konkurransedyktige produkt og tenester. I dag har over 75 % av alle privatkundane våre fått levert fiber til heimen, og det vert stadig fleire. Meir fart, meir moro!