NorEngros K.J. Brusdal AS

Kvifor er me med?

Det er ei stor glede for Norengros K.J Brusdal å vere ein del av Sogndal Fotball, med sin nasjonale profil og unike posisjon som trivselsfylkets stoltheit. Støtte til lokale idrettslag har alltid vore ein viktig del av vår verksemd. Vår offensive satsing på Sunnfjord og Sogn byggjast rundt samarbeidet med Sogndal Fotball, og vi ser fram til å vere med på oppturar og minnerike augneblikk på Fosshaugane Campus.

Om oss?

Norengros K.J Brusdal er totalleverandør av forbruksvarer til næringslivet. Produktspekteret vårt dekker det meste du treng i kvardagen- om du driv kontor-, produksjon- eller serviceverksemd. I butikkane våre er både bedrifter og privatpersonar hjarteleg velkomne til å handle. Vi har stort utval av varer innanfor områda storhushaldning, kontormøblar og interiør, emballasje, kontor- og datarekvisita, så vel som forbruksvarer til lege- og tannlegekontor, sjukehus og institusjonar.

Norengros K.J. Brusdal er ei lokaleigd verksemd tilknytta ei landsdekkande kjede av grossistar. Vi har 90 tilsette og omsette for 260 millionar i 2017. Bedrifta har hovudkontor og lager på 10.500 m2 i Arna i Bergen. Her blir det dagleg køyrd ut varer til alle våre kundar i distriktet. Vi har i tillegg butikkar i Arna, på Sotra og på Stord. I første kvartal av 2018 opnar vår første butikk i Sogn og Fjordane, på Øyrane i Førde. For meir informasjon om oss sjå vår heimeside www.kjbrusdal.no