Malakoff

Kvifor me er med:

Sogndal Fotball og Malakoff er veldig like på veldig mange punkt når ein ser på visjon og tankar om korleis ein skal jobbe i kvardagen. Vi har mykje å lære av ein organisasjon som på imponerande måte, begrensa midlar og lokal profil klarar å holde seg på eit særs høgt nivå  på sitt området samtidig som ein har bygd ein organisasjon som er viktig for mykje anna enn berre fotball. Slike aktørar er det kjekt å samarbeide med!

Om oss:

Malakoff Rockfestival vert arrangert for 13 året på vesle Nordfjordeid 21-23. juli 2016. Festivalen som har vore utsolgt med over 20.000 besøkande dei siste 3 åra skal kvart år gje alle besøkande #denbestefestivalopplevinga i regionen/landsdelen. Malakoff skal begeistre og skape magiske opplevingar i eit inkluderande felleskap mellom publikum, artist og frivillig. Vi ynskjer å bidra til det gode liv på bygda. Rock on!!!