Lerum

Kvifor me er me:

Viktig å dele erfaringar med kvarandre. Vi må gjere kvarandre gode. 

Om oss:

Gjennom fire generasjonar, sidan 1907, har Lerum laga produkt av frukt og bær. Vi kombinerar norske tradisjonar med kunnskap om foredling og ernæring, i tråd med trendane i marknaden og preferansane hjå forbrukarane.

Lerum er ein landsdekkande leverandør av syltetøy, saft og jus. Produkta våre vert distribuert gjennom dei fleste daglegvarebutikkane i landet. Verksemda er familieeigd, der 4. generasjon Lerum i dag er eigarar. Vi har vore sponsor for Sogndal fotball samanhengande sidan 1981.