Idrettssenteret

Kvifor me e med:

Idrettssenteret baserer sin verksemd på samarbeid og sambruk med andre aktører lokalt på Fosshaugane Campus, i Sogn med Sogndal og Leikanger kommune som viktigste geografiske område, i heile regionen og fylket samarbeider vi med næringslivet, enkelt grupper og brukere som er våre kunder og medlemmer. Difor er Sogndal Fotball sitt fylkesdekkande sponsornettverk viktig arena for Idrettssenteret å holde kontakt med eksisterende og nye kunder i ein travel kvardag.  

Om oss:

Idrettssenteret AS er eit aksjeselskap med ideelt føremål. Idrettssenteret AS er eigd av Sogndal Fotball, i tillegg er Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtaksfesta rett til styrerepresentasjon saman med eigarane. Idrettssenteret sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i Sogn og Fjordane. Idrettssenteret skal verte dreve på eit ideelt økonomisk grunnlag ved at overskotet vert ført attende til føremålet og utvikla tilbodet til brukarane vidare. 

Treningssenter for ”alle” med vekt på gode fasilitetar og instruktørar med høg kompetanse innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet og helse. Kurs- og formidling som rettar seg mot alle grupper som skal rettleie, trene og instruere andre innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet. Forskning- og utviklingsprosjekt for å auke kompetanse innan idrett, fysisk aktivitet og helse overfor ulike målgrupper. Testsenteret er sentralt i dette arbeidet for å dokumentere og evaluere effekt av tiltak m.m. Medisinske tenester innan førebyggjande arbeid, kurativ verksemd og rehabilitering overfor ei rekkje grupper.