Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kvifor me er med:

HiSF i Sogndal held til på Fosshaugane Campus og utgjer ein vesentleg del av verksemda på campus. Idrett, oppvekst og helse er sentrale utdannings- og forskingsområde, og vi ynskjer å vera ein synleg del av campus og dei profilerte aktivitetane til Sogndal Fotball. 

Om oss:

HiSF er den einaste høgre utdanningsinstitusjonen i Sogn og Fjordane. HiSF har nær 4000 studentar og campus i Sogndal og Førde. Høgskulen tilbyr 22 bachelorprogram og fem masterprogram i tillegg til ei rekkje kortare vidareutdanningstilbod. Høgskulen er blant dei aller beste i Norge når det gjeld studentgjennomføring og studenttilfredsheit. Tett kontakt med studentane, god oppfølging og høg kvalitet i utdanningstilboda er dei sentrale kjenneteikna ved høgskulen. HiSF rekrutterer breitt geografisk og hentar kring 2/3 av studentane utanfor Sogn og Fjordane. HiSF er også ei betydeleg forskingsing- og formidlingsinstitusjon og har mellom anna store forskingsprosjekt knytt til idrett og helse.