Frydenbø

Kvifor me er med:

Frydenbø Group engasjerer seg både i topp og breidde innanfor idrett, kultur og veldedige organisasjonar. Konsernet er allereie profilert sponsor for mellom anna Brann og Norges Skiforbund Alpin.

Sogndal fotball står i ei særstilling som sponsorobjekt i fylket. Koplinga mellom toppidrett, opplæring og næringsliv som ein har fått til i Sogndal er unik. Det at Frydenbø kan vere med å bidra til vidare utvikling av dette miljøet er viktig i seg sjølv. Samstundes som vi ser stor verdi i det å vere ein profilert samarbeidspartnar og deltakar i eit nettverk med dei forretningsmessige moglegheitene det gjev.

Det er imponerande det ein har greidd å skape på Campus Fosshaugane. Vi ser fram til å nytte Campus som møteplass, ein stad for nettverksbygging og som læringsarena. Samstundes har vi som mål å bringe engasjementet og aktiviteten rundt Sogndal fotball ut til våre øvrige avdelingar i fylket også.

Om oss:

Frydenbø driv fire bilforhandlarverksemder i Sogn og Fjordane og er autorisert merkeforhandlar for Volvo, Nissan og Opel. Du finn oss i Sogndal, på Sandane og ved to avdelingar i Førde. Vi er nokon og 70 kollegaer som ynskjer å hjelpe deg til å realisere bildraumen, og gje deg eit sytalaust bilhald.

Vi er ein del av Frydenbø Group AS, eit familieeigd konsern som består av tre divisjonar; Bil & Marine, Eiendom og Industri. Frydenbø-gruppa har 500 tilsette, og hadde ei samla omsetning i 2014 på NOK 1,8 mrd. Entusiasme har vore vår drivkraft i snart 100 år. Hovudkontoret er i Bergen.