COOP NORDVEST SA

coop-logo-nordvest.png

Kvifor me er med:

Vi er med fordi vi ser kor viktig det er å bygge gode lag, som mange kan identifisere seg med, skape samhald og på ulike måtar skape verdiar som samfunnet kan vekse på.

Sogndal har gjennom åra bygt eit fotballag som heile fylket stiller seg bak og identifiserer seg med. At det i periodar har vore landets einaste bygdelag i eliteserien, er noko som gjer oss alle stolte. Det er også ein inspirasjon for unge som vil satse på idrett.

Om Oss:

Vårt lag, Coop Nordvest, har ca. 144.000 medlemer frå Sogn til Trøndelag, der vi driv 138 butikkar med 2300 tilsette. Vårt mål er å drive gode butikkar, med topp sørvis og dei beste prisane.

Vi vil også vere ein viktig samfunnsaktør som både tek vare på den vesle, viktige butikken i bygda, og som er med på å utvikle ditt regionsenter.

I tillegg satsar vi på fantastisk lokalmat, som har skapt hundrevis av arbeidsplassar i distrikta.

Vi vil ha deg med på laget vårt. Då får du eige butikken din sjølv!

Vil du bli med på laget, kan du gå inn på Coop.no, eller sende ei melding til 2330.